søndag 29. mars 2009

No er det ikkje lenge igjen til påske.
Dei siste vekena har eg vært i praksis og i RLE timane har eg vært med på å undervisa om kvifor me feirer påske. Det har virkelig vært spesielt å gå rundt å få snakka med elevane og prøva å svara på alle dei spørsmåla som dei kan komma på. Ein gutt sa litt småforbausa "wow, det er jo reine magien jo at Jesus stod opp frå dei døde!"

Veggietales har laget ein tegnefilm om påske i skikkelig Charles Dickens stil, og i denne filmen synger Rebecca St. James ein sang. Den får meg virkelig til å tenka på kvifor me feirer påske! Eg vil gjerne dele den med klassen for å visa at det er meir med påske enn sjokolade og kyllinger.




Det er virkelig heilt utrulig det Jesus gjorde på korset for meg og for alle! Det er ofte for stort for meg å fatte at det går ann at Jesus faktisk stod opp igjen. Men av og til så er det nesten som eg får ein innsikt i Guds tanker, og da blir alt så levande og så ufattelig stort at det er berre til å bøye kne i takknemlighet.
Jesus altså, for ein bestevenn å ha!

Ingen kommentarer: