fredag 17. september 2010

Muffins? Ja takk

Det er fredag og eg har ei lang lista over alt som eg burde fått gjort.

Eg burde begynna på den neste oppgavo, eg burde lesa litt meir pensum, eg burde sitta på ein klesvask til, eg burde støvsuga sofaen, eg burde vært på butikken og panta haugen med tomflasker, eg burde gått ut med plastbosset...

Listo tar liksom aldri slutt...!

Problemet er berre at kvar gong eg faktisk har gjort noko på burde-listo mi, så har det kom totre nye punkt.

No tek eg rett og slett fri frå alt eg burde. Så med John Mayer i bakgrunnen så bobler kreativiteten og små eplemuffins blir til.


Når muffinsane kjem ut av ovnen, så kjenner eg at det faktisk er litt fritid og hobbydyrking som BØR prioriterast.

Det er lov å ta helg!


2 kommentarer:

Hauge sa...

For ein nydeli boks! Kor komme den ifrå!?

Silje sa...

Det er ein ammunisjonskasse frå 2.verdskrig. Bestefar fikk den når krigen var slutt og tyskarane forlot Marøy, så fekk pappa den og så havna den til slutt i mine hender=)
Eg trur eg visté den til deg ein gong i Haugesund, den stod på soverommet=)