torsdag 28. oktober 2010

Oreokake
Ein mektig, flott og velsmakende godbit!
Anbefales til søtmomser.



Ingredienser

Ca. 450 g Oreo Cookies
100 g smeltet smør
1 pk Phildelphia naturell
2,5 dl melis
ca 3,5 dl piska krem  
2,5 spiseskjeer sukker
1 pose sjokolademousse Toro
3 dl melk til moussen
 
Tilberedning

1/4 del av oreokjeksene legges for seg i sjølv i ei skål, og brekkes opp i småbiter. Ta resten av kjeksene og putt i ein pose, og smuldre dei opp til veldig små biter. Smelt smør, og hell det over kjekssmulane i ein bolle og bland det godt til det kan smørast ut i ei form.
Bruk ein 24 cm rund form.

Miks kremosten med melis med ein miksmaster, så det blir ein luftig og kremete masse. Bland krem med sukker, og bruk ca halvparten av den stivpiska kremen til å røre forsiktig inn i den ferdige ostemassen. Smør massen over kakebunnen, og legg oppi halvparten av kjeksbitene du har satt til side. Sett i kjøleskap 30 minutter.

Lag sjokolademoussen i henhold til pakningen. Eg har erstattet 1 dl av melken med helmelk, men det er valgfritt! Rør inn dei siste kjeksbitane i moussen. Smør massen over kaka, og sett i kjøleskap ytterligere 1 time. Legg eit lag med krem på toppen til slutt, og pynt eventuelt med fleire kakesmuler eller lag eit mønster med vanleg sjokoladesaus.

La kaka stå avkjølt ytterligere nokre timer, og aller best blir den om den får stå nesten ett døgn før man skjærer rundt kanten og løsner formen og spiser.

2 kommentarer:

ingvild sa...

namnamnam! denne skal eg lage! eg har jo lova at du og daniel skal få mokkadrøm, kanskje me må få til at de kjem på kjørkjekaffi enten før eller etter pk på sikt?

Maria Thomassen sa...

Nam, eg og vil smake! Lage ny i julen? :D